Page 10

sondagisentrum02

10 Festivalprogrammet 2015 Norsk orgelfestival har sidan starten i 1990 vakse til å verta ein pillar i norsk kulturliv og bidreg både nasjonalt og internasjonalt til å fremja interessa for orgelet. Frå kyrkjeorgel til konserthusorgel er ein interessant akse for å skape eit breiare og større fokus på sjølve orgelkunsten, utøvarane, musikken, historikken og ikkje minst framtida til orgelet. Årets jubileumsfestival er festivitas på høgt plan med internasjonale artistar, fantastisk musikk og storslegne instrument i konserthus og kyrkjerom. Mykje spennande og interessant ventar festivalens publikum. Torsdag 17. september St. Petri kirke kl. 18.00: Årets festivalkunstnar Kjell Pahr-Iversen opnar utstilling. Musikk av dei to jubilantaene Knut Nystedt (100 år) og Trond Kverno (70 år). Orgel: Edgar Hansen og Arnfinn Tobiassen. Festivalopning St. Petri kirke kl. 19.30: Opning ved initiativtakar for Norsk orgelfestival, Erling Dahl jr. Konsert med gjesteprofessorane Jörg Halubek, Leo van Doeselaar og Franz Danksagmüller. Musikk av Bach (Preludium og Fuge i Ess-dur), Mendelssohn, Brahms og Franck (Grande Pièce symphonique) Billettar ved inngangen: Kr. 200,- / kr. 150,- Fredag 18. september St. Petri kirke kl. 10.00 - 13.00: Meisterklasse Jörg Halubek. Parallelt i Hillevåg kirke 10.00 - 12.30: Meisterklasse med unge organistspirer, i alderen 15 - 20 år. Jon Stubberud. St. Petri kirke kl. 13.00 - 13.45: Lunchkonsert ved Alie Hamberg. Gratis inngang/kollekt ved utgangen. St. Petri kirke kl. 15.00 - 17.00: Meisterklasse Franz Danksagmüller. Stavanger domkirke kl. 18.30: Overlevering av det nyrenoverte reilorgelet. Konsert med Kåre Nordstoga, Ivan Sarajishvili og Katedralsangerne, dir. Oddgeir Kjetilstad. Musikk av Bach, Brahms, Ritter og bestillingsverk av Nathan Stang. Billettar ved inngangen: Kr. 200,- / kr. 150,- Stavanger domkirke kl. 21.00: Konsert med Leo van Doeselaar. Dansande renessanse og barokkmusikk av m.a. van Noordt, Buxtehude og Bachs doriske Toccata & Fuge. Billettar: Kr. 200,- / kr. 150,- Laurdag 19. september Lura kirke kl. 10.00 - 15.15: Meisterklasse med Leo van Doeselaar.


sondagisentrum02
To see the actual publication please follow the link above